Spørsmål

  • Tinnitus etter konsert
    3369

    Spørsmål: I fjor hadde eg ein periode med tinnitusplage etter eit lydtraume på jobben. Eg vil tru at plagen den gongen hadde psykiske årsaker. Eg har ein psykisk lidelse som eg får behandling for, og tinnitusen forsvann då eg fekk behandling for lidingar. Men no har eg fått plager igjen etter ein konsert eg var på for ei veke sidan. Konserten var høylydt, og eg brukte ikkje øyreproppar. Det som er rart er at eg har vore på fleire konsertar etter at eg slutta å vere plaga av tinnitus, utan at eg har reagert. No har eg fått ein konstant suse/pipelyd i hovudet. Eg har snakka med audiopedagogen som behandla meg i fjor, og ho seier at dette er ein reaksjon, ikkje ei hørselsskade. Mitt spørsmål er likevel om eg kan ha fått ei lita skade på denne konserten? Eg oppfattar ikkje meg sjølv som stressa eller ute av psykisk balanse no, så det er ikkje det. Eg vil legge til at andre eg har snakka med ikkje opplevde volumet på lyden på denne konserten som spesielt høgt.

    Svar: At du har fått tinnitus etter akkurat denne eine konserten er nok tilfeldig. Støyskadar utviklast over tid. Det er vanleg å oppleve tinnitus etter å ha vore utsett for kraftig lyd, og plagene kan vare ved på grunn av auka fokus på tinnitus, stress (som følgje av dette), eller som du mistenker, ei støyskade. Ei eventuell støyskade avdekkast ved å få teke ein ny høyrselstest. Audiografen kan sjå om du har fått ei støyskade eller ikkje. Dersom du tenkjer mykje på tinnitusen, vil denne oppleves som vedvarande eller forverra. Ved å bruke omgjevnadslydar eller avspenningsteknikkar, vil tinnitus over tid kunne bli mindre plagsam.